— Mannen hadde gått på grunn med snekke, og var redd for at ho skulle springa lekk, seier operasjonsleiar Oddvar Olsen i Sunnhordland og Haugalandet politidistrikt til bt.no.

Redningsskøyta var i området etter å ha vore med på å leita etter ein mann som skulle gå med båt frå Feøy-Karmøy. Turen tek knappe 20 minutt, og etter to timar vart han meldt sakna. Men han kom til rette at, i følgje operasjonsleiaren har han sannsynlegvis venta på at skodda skulle letta, og redningsskøyta kunne difor reisa vidare mot Ryvarden.

Om bord i snekka var det to vaksne menn.

Det var ikkje gått hol i båten. Då bt.no snakka med operasjonsleiar Olsen i 18-tida, var redningsskøyta i ferd med å ta dei to mennene om bord.