— Dei to kvinnene er no henta ned av eit Sea King-helikopter. Dei hadde gått seg fast ved fjelltoppen Stovegolvet, seier operasjonsleiar Bjørn Alvseike i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til bt.no i 18-tida.

Politiet hadde kontakt med kvinnene heile tida.

— Dei var dårleg utstyrt for å gå i fjellet, og var derfor kalde og forfrosne. Blant anna hadde dei berre joggesko. Det er éin meter snø i området der dei var, seier Alvseike.