— Dei to kom til rette ved 14.15-tida, opplyser Hovedredningssentralen på Sola til bt.no.

Den ti år gamle guten og faren hans var på veg frå Valevåg til Tittelsnes i Sveio i ein 20 fots fritidsbåt då dei fekk motorstopp. Faren fekk kontakt med familien over mobiltelefon, men kontakta vart broten litt etter klokka 13 - truleg fordi telefonen gjekk tom for batteri.

Det var ganske mykje vind i området, og redningsaksjonen vart satt i gang umiddelbart.

Eit ambulansehelikopter vart sendt frå Stavanger til Sveio for å setje i gang søk etter båten. Ei redningsskøyte som låg utanfor Haugesund sette også kursen mot området. I tillegg stod eit Sea King redningshelikopter i beredskap på Sola.