Så snart togtrafikken på Bergensbanen stilna av i går ettermiddag byrja Jernbaneverket med tilrigging for snømåking i lia ned mot Klevavatnet.

— Det blir ein omfattande jobb, seier Tore Bekkelund som leiar arbeidet for Jernbaneverket sin part.

Med rett til å ...

Togsett 007 er eigentleg ikkje utstyrt med rett til å spora av. Men i brutalt møte med eit snøras ved Ostebygget ovanfor Klevenbrua, halvvegs mellom Myrdal og Hallingskeid, bykste toget utfor kanten. Det bora seg gjennom snømassane i lia nedanfor, utan at nokon vart skadd.

Avsporinga hende onsdag 21. februar. 007 køyrde fremst av to samankopla 73-sett som austgåande Morgonekspress. Det bakarste settet vart ståande uskadd på lina, og vart nytta til å evakuera passasjerane.

Nedsnødd

I det fem døger lange arbeidet med å opna Bergensbanen for trafikk att, vart det avspora togsettet delt i to med skjerebrennarar. Dei to bakarste vognene vart trekt ned til Voss og seinare til Lodalen i Oslo. Dei to fremste står framleis med snuten ned mot Klevavatnet, meir nedsnødd enn noko sinne.

— Vi tek sikte på å få heist opp toget i løpet av første helga i mai, opplyser Knut Hauglund i NSB Berging.

Han har tinga «togfri helg» 5. og 6. mai. Det gir ei «luke» på 24 timar ved at alle tog vert innstilt laurdag ettermiddag og kveld, og likeeins sundag morgon. Natt til sundag går det korkje nattog eller godstog.

Spesialvogner

Planlegginga av sjølve bergingsaksjonen er i full gang.

— Akkurat no lagar vi spesialvogner til å frakta to svære mobilkranar til fjells, fortel Hauglund.

To mobilkranar som kvar kan løfta 200 tonn trengst til operasjonen. Alt som kan demonterast, vert demontert for å få kranane gjennom jernbanetunnelane. Så må dei setjast saman att i Storekleven.

Dei to vognene som ligg i lia, skal koplast frå kvarandre og lyftast opp på sporet ei for ei.

Når begge er komne til verkstaden i Lodalen, der dei to andre vognene står, kan togsettet lappast saman.

I MAI: Avsporinga skjedde 21. februar, halvvegs mellom Myrdal og Hallingskeid. No tek NSB Berging sikte på å få heist opp toget i løpet av første helga i mai. ARKIVFOTO: RUNE NIELSEN
Nielsen, Rune