HANS K. MJELVA

Samferdsleministeren har skrive brev til vegdirektøren med melding om at saka først skal til brei høyring i kommunane.

I eit brev 5. juli, melder vegdirektør Olav Søfteland at riksveg 7 ikkje lenger vil kunne kalle seg Nasjonal Turistveg. Årsaka er at vegen etter vegdirektørens meining har for ujamn kvalitet.

Lokale politikarar og næringslivsfolk i Hardanger omtalte avskiltinga som «ein katastrofe for reiselivet». No har samferdsleminister Torild Skogsholm gripe inn. Fredag sendte ho brev til vegdirektør Søfteland om at avgjersla blir utsett til saka har vore ute på brei høyring i dei kommunane som er råka.

Sponheim greip inn

I går var det ein fornøgd styreleiar for Reisemål Hardangerfjord, Anne-Toril Laupsa som saman med varaordførar Lars Djupevåg (V) frå Kvam møtte Venstreleiar Lars Sponheim før sentralstyremøtet i partiet på Os.

— Då Lars tok kontakt med meg i sommar var eg ikkje klar over kor alvorleg dette var, seier Sponheim, og fortel at han så kontakta partifelle Skogsholm som i sin tur stoppa heile prosessen.

— No får vi ei skikkeleg høyring i kommunane, seier Sponheim nøgd, men legg til at han vil følgje prosessen vidare for å få eit betre resultat for heimtraktene.

Kjempar for reiselivet

Varaordføraren i Kvam legg ikkje skjul på kor viktig han meiner det er å redde turistvegstatusen. Både Djupevåg og Laupsa ser statusen som ein svært viktig del av arbeidet med å marknadsføre Hardanger som reisemål.

— Skilta ville blitt tatt ned. Det å byggje opp eit reiseprodukt er eit langsiktig arbeid, seier dei.

Sponheim seier inngripen frå samferdsleministeren ikkje berre gjeld Hardanger, men at vegdirektørar over heile landet no får krav om å ta dei råka kommunane med på råd.

GREIP INN: Med hjelp frå Venstre-leiar og statsråd Lars Sponheim kan varaordførar Lars Djupevåg frå Kvam og styreleiar Anne-Toril Laupsa i Reisemål Hardangerfjord innkassere ein førebels siger i kampen om turistvegstatusen til Riksveg 7.<p/>FOTO: HANS K. MJELVA