— Me bønder er jo familiefolk me også, me treng litt fritid, seier Norolf Sæle, bonde i Øygarden. Då ein prøvde å få tak i avløysar til gardane på øya var det ingen norske som melde seg. Det gjorde derimot Andrius Cebatorius frå Litauen.

Fleire utlendingar trør til

I Hordaland er det dårlege tider for å få tak i avløysarar til gardsdrifta. Eit anslag frå dei største avløysarlaga i fylket viser at dei er i manko på over 100 avløysarar. Resultatet har blitt at bønder så smått har begynt med utanlandske arbeidarar.

— Eg trivs veldig godt med jobben, og betalinga er bra, seier Cebatorius. 24-åringen har jobba for to bønder på Øygarden sidan våren i fjor, med nokre avbrekk heime hos familien i Litauen. Tipset fekk han frå ein kamerat som var avløysar i Kvam.

Tapar på låg arbeidsløyse

Sonja Ramsvik hos Fylkesmannen i Hordaland har følgt utviklinga i tilgang på arbeidskraft til bøndene.

— Når det er god tilgang på jobbar, er det få som melder seg som avløysarar, seier Ramsvik. Resultatet blir mange frustrerte bønder, som må kutta ut ferieplanane sine.

— Behovet er stort, men det hadde nok vore endå større om tilgangen var der, påpeikar ho. Ramsvik meiner det at ein må ty til utlendingar på heiltid er nokså nytt her i fylket.

Nedprioritert

Norolf Sæle er ein av få mjølkeprodusentar som er att på Øygarden. Når han saman med ein nabobonde bestemte seg for å tilsetja Sebatorius, var det med eit litt tungt hjarta.

— Me er veldig nøgde med Andrius, men det er trist at dette er så nedprioritert yrke blant ungdommen, seier han.

  • Det var lettare før, då mange vaks opp på gard og kjende til dette livet, seier Sæle. Saman med Andrius set heiltidsbonden spaden i jorda ved garden. Nytt område skal gjerast klart for dyrking, og hjelpa er god å ha.

Ein avløysar per 20 bønder

Tal frå avløysarlaga i Hordaland viser at bøndene har svært få avløysarar å dela på.

I Kvinnherad, Odda, Ullensvang, Eidfjord og Ulvik det nesten 600 bønder med behov for avløysar, også kalla velferdstenester. Av avløysarar er det fire faste og rundt 20 på deltid. Grovt sett er det altså ein avløysar for 20 bønder. Sjølv om mange bønder får hjelp av familie og andre gjennom året, fører dette til at mange bønder ikkje får hjelp.

— Me skulle hatt minst 20 til å ta av, seier Trygve Fredheim som er leiar i Landbrukstenester Folgefonna. Han får støtte frå Gjermund Stuve i Landbrukstenester Hordaland.

Tilgang på hjelp avgjerande

— Bønder tek ofte jobben sjølv fordi dei reknar med at dei ikkje får folk til å gjere arbeidet. Slik skal det ikkje vere, seier Stuve. I området rundt Bergen, frå Granvin i aust til Radøy i vest, skulle han gjerne hatt 60 fleire avløysarar både på tilkalling og fast. Voss melder om ein mangel på minst ti for å fylla behova.

Med eit jordbruk som er nede i ein bølgjedal, er det nettopp velferdsordningane som kjem til å avgjere. Det meiner i alle fall Fredheim.

— Dei unge set større krav til ferie og fritid og tryggleik under sjukdom. Difor blir ordningar for hjelp er det viktigaste tiltaket for å rekruttera nye bønder i framtida, seier han.

Silje Katrine Robinson