Det vert heller ikkje noko av planane om å redusera på tilbodet ved Austrheim vidaregåande skule. Her hadde fylkesrådmannen gjort framlegg om nedleggjing av fleire klassar fordi søkjartalet var synkande.

Fleirtalet på fylkestinget reddar og den internasjonale lina ved Øystese Gymnas. Det same gjeld for båtbyggjarlina i Jondal.

Men kollektivsatsane gjer flertalet ikkje noko med. Framlegget om å auka dei med 5 prosent står ved lag.

— Hadde vi fått eit rettvist økonomisk oppgjer etter at staten tok over sjukehusa, hadde fylkeskommunen hatt rundt 60 millionar kroner meir enn det vi har no. Då hadde vi kunne redusert takstane i kollektivtrafikken, seier fylkesutvalsmedlem Hans Otto Robbersstad (A).