— Det yngste barnet ser ut til å ha kome uskadd frå ulykka, medan tilstanden for dei to andre er stabil, og ikkje livstruande, seier vakthavande lege Bodo Günther ved Stord sjukehus.

Ulykka skjedde under forbikøyring på ein lang rett strekning.

— Då ulykkesbilen var på veg til å køyra forbi, svinga bilen som vart forbikøyrd til venstre for å køyra av på ein sideveg, fortel operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt til BT.

Bilen med mor og to barn i vart pressa ut av vegen, trefte ein stein, gjekk rundt og hamna på taket. Like etter byrja det å brenna i bilen. Ei kvinne og far hennar skal ha kome raskt til staden. Dei klarte å sløkkja brannen og redda familien ut av ulykkesbilen.

— Det er for tidleg å fordela skuld enno. Vi veit ikkje om det var korrekt bruk av blinklys, og må elles klarleggja omstenda rundt ulykka, seier Friberg.