To ungdomar omkom, tre vart skadde i ei bilulykke ved Utne i Hardanger klokka 16.35 i går kveld.

Personbilen med fem unge menn var på veg innover langs Sørfjorden frå Utne mot Odda. Ungdomane, som alle kjem frå Hardanger, skal ha kjørt forbi minst ein annan bil på det relativt rette strekket like før Trones. Forbikøyringa var avslutta då bilen kom inn i ei høgrekurve ved Trones. Her mista føraren kontroll over køyretyet. Bilen skar over motgåande køyrefelt, og køyrde ut på venstre sida av vegen og kom i brann. Ingen andre bilar var involvert i ulykka.

18 og 20 år

To av dei unge mennene, ein 18-åring og ein 20-åring, døydde i ulykka. Dei tre skadde er alle 18 år. Ein vart frakta til Haukeland universitetssjukehus. Han skal ikkje vera livstrugande skadd. To var lettare skadde, og vart frakta til Fylkessjukehuset i Odda.

Ein annan bil, som også var på veg innover langs fjorden, kom til ulykkesstaden like etter at bilen hadde køyrt av vegen. To personar frå denne bilen greip snarrådig inn og fekk drege tre av ungdomane ut og bort frå det brennande vraket. Desse tre overlevde ulykka,

Bilen vart kløyvd

— Bilen var kløyvd og i full brann då redningsmannskapet kom fram. Ein av dei som sat att i bilen var fastklemd og måtte skjerast laus, seier skadestadsleiar Olaf Bratland.

Han opplyser at det er for tidleg å seia noko sikkert om kva fart ulykkesbilen hadde og om årsaka til ulykka.

— Alt dette vil etterforskinga i dagane som kjem forhåpentleg gje svar på, seier Bratland.

Det er oppretta eit tverrkommunalt kriseteam i kommunane Jondal, Ullensvang og Odda. Bratland seier at alle impliserte, både dei trafikantane som kom først til ulykkesstaden og pårørande, får eit tilbod om hjelp frå dette teamet.