• Strike på fyrste kastet. Sjå eg leiar! Guro Gullbrå (13) lar armane gå i vêret og ser stolt på klassekameratane sine. Ho har ikkje berre redda synet, men også skuleklassen sin.

Sist BT møtte Guro var for halvanna år sidan. Då hadde ho lapp over det eine auget og var hårlaus av cellegiftbehandling. Men Guro gav ikkje opp.

Ho redda ikkje berre synet, men har også ein stor del av æra for at skuleklassen hennar slapp å flytta frå Stanghelle til Vaksdal

Vi er i bowlinghallen i Åsane. Der har BT avtalt møte med Guro og vennene hennar, Eivin Sellevold, Ingrid og Martin Fossmark.)

Ingen skulle tru at Guro ikkje har avstandssyn, slik som ho let bowlingballen trilla heilt perfekt mot kjeglene i andre enden av bana.

Eit augneeple som aldri rører seg og eit augnelokk som er ope heile tida, avslører at Guro berre ser på det venstre auget.

Hadde lapp over auget

Kreften hadde teke på for den til vanleg så livlege jenta, som den gongen skulle byrje i sjuande klasse hausten 2004.

Same år hadde kommunestyret bestemt at sjuande klassen til Guro skulle flyttast til Vaksdal for å spara kommunekassa for 270.000 kroner. Slik situasjonen var, var det vanskeleg å flytta for den sjuke jenta som bur berre eit steinkast frå skulen på Stanghelle.

Men bygdefolket visste råd. Dei starta innsamling slik at klassen likevel skulle sleppa å flytta. Og folkeviljen vann. Berre to veker før skulen byrja, gjorde kommunestyret om vedtaket. Guro og klassekameratane hennar fekk halda fram på skule på Stanghelle eit år til. Dei innsamla pengane gjekk til Støtteforeningen for Kreftsyke Barn.

I dag er det ei frisk og glad jente som med stor iver handterer bowlingkulene

— Det hadde vorte vanskeleg for meg å reisa til skulen på Vaksdal så sliten som eg var då, seier ho medan ho ventar på at det på nytt skal bli hennar tur til å kasta mot kjeglene.

Fekk mykje hjelp

Ho skryt av støtta ho fekk av vennene og klassekameratane sine i denne vanskelege perioden.

— Dei var så flinke til å hjelpa meg og besøkja meg. ,

Faren, Kjell Atle, skyt inn: - Det var strålande gjort av aksjonistane som fekk snudd kommunestyret. Dei to som gjekk i spissen fekk Treskeiprisen, ein pris som velforeininga på Stanghelle delar ut 17. mai, for initiativet dei tok. Det hadde dei vel fortent, seier han.

Guro var berre eit halvt år då ho fekk netthinnekreft. Sjukdommen er arveleg, og både systera, Vårin (9) og faren, har hatt same sjukdommen.

Både strålebehandling og cellegiftkurar måtte til for å ta knekken på svulstane dei fann på augane hennar då ho var lita.

Men det var ikkje slutt med det. I tredje klasse blussa kreften opp på nytt. Denne gongen sette svulsten seg i nasen og skubba auget hennar ut av stilling. Operasjonen var gjennomført i Tysland. Strålebehandling og cellegiftkurar følgde etterpå.

Likevel kom eit nytt tilbakefall i september for to år sidan. Auget stod ikkje lenger til å redda. I tillegg måtte kirurgane skjæra vekk delar av naseskillebeinet, alt bein, augnelokk og blautvev i augnehola.

Ei augneprotese som består både av augnelokk og auge, og som må festast direkte på huda rundt, kan aldri verta usynleg.

  • Eg merkar at framande stirer på meg. Det er irriterende, seier Guro som ikkje kvir seg for å fortelja om den lumske sjukdommen ho aldri i heilt kan fri seg frå. Til klassen har ho fortalt heile sjukehistoria si.

Det går bra på skulen med Guro no. Men sjukdommen har gjort at har ho har nokre hol i skulekunnskapane sine frå tida då var sjuk.

— Men kontaktlæraren min, Harald Lyngmo er flink til å følgja med meg, seier ho.

Avstandssynet forsvann

Med det høgre auget, forsvann også avstandssynet til Guro.

  • Eg har lært meg til å berekna avstandane, er Guros kontante svar når eg spør korleis ho kan sjå kor lagt bort det er til kjeglene ho skal skyta mot.

Ho likar å vera i aktivitet. Tidlegare i haust reiste ho mellom anna med jamne mellomrom til Os for å ri. Sykling går også greitt.

  • Men ballspel er ikkje noko for meg, seier Guro.

Enno er det for tidleg å slå fast at sjukdommen aldri kan dukka opp att.

— Men nok er nok, no, seier Guro. Ho vil ikkje gå rundt å tenkja på kva som kan skje i framtida.

— Det ville gjort meg sprø. Eg vil ikkje bekymra meg om framtida.

GURO I FARTA: Åttandeklassingen Guro Gullbrå frå Stanghelle er i farta når ho spelar bowling.
Eirik Brekke