— Mannen blei plukka opp av arbeidsbåten «Fender», som tilfeldigvis var i nærleiken. Me hadde ei stund problem med å lokalisera mannen. Han valde å gå i land på holmen framfor å bli ved den grunnstøtte båten, seier redningsleiar Eirik Walle ved Hovedredningssentralen i Sør-Norge.

Hovedredningssentralen fekk melding om grunnstøytinga klokka 18.17. 63-åringen blei plukka opp i god behald av «Fender» på holmen Ånnøy klokka 19.25.

Båten til mannen var ein 32 fots Saga fritidsbåt.