Dei tre vart sende til Stord sjukehus.

— Det yngste barnet ser ut til å ha kome uskadd frå ulykka, medan tilstanden for dei to andre er stabil, og ikkje livstruande, seier vakthavande lege Bodo Günther ved Stord sjukehus.

Ulykka skjedde, ifølgje operasjonsleiar Trond Friberg ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, under forbikøyring på ei lang, rett strekning.

— Då ulykkesbilen var på veg til å køyra forbi, svinga bilen som vart forbikøyrd til venstre for å køyra av på ein sideveg, fortel Friberg til BT.

— Det var som å sjå ein amerikansk film. Bilen vart kasta opp i lufta, gjorde ein piruett, og landa med fronten ned. Airbaggane løyste seg ut, og alt glas i bilen eksploderte, fortel Leif Johannes Aga (53). Han kom køyrande like bak ulykkesbilen, høyrde på Tre buserulls, og ana fred og ingen fare.

— Eg greip telefonen og ringde naudnummeret til politiet, sa kven eg var, kva som hadde skjedd og kor det var. Akkurat då eg steig ut av bilen, medan eg snakka, slo ein meterhøg flamme opp frå bilen sin motor, seier Aga.

- No brenn det

— No brenn det óg, sa Aga i telefonen før han sprang mot bilen. Samstundes kom det folk frå eit hus ved vegen med eit pulverapparat og fekk sløkt elden.

— Vi var fleire som drog barna og mora ut av bilen. Kven som gjorde kva har eg ikkje noko meining om, men det gjekk svært fort. Babyen såg uskadd ut medan den vesle guten hadde kuttskadar, og mora klaga over vondt i ryggen, seier Aga. Han fortel at føraren av den andre bilen som var involvert i ulykka gjorde ein kjempeinnsats.

— Enda om han sjølv var skadd og vart send til sjukehuset seinare, var han første mann framme og byrja med å få folk ut av ulykkesbilen. Då vi hadde fått alle ut var det viktigaste å roa ned mora, og fortelja henne at det var gått bra med ungane. Nokon kom med eit ullteppe og la rundt henne.

— Var du ikkje redd då du sprang bort til ein bil i brann?

— Jo, men kva gjer du i ein slik situasjon? Eg jobbar med gravferder, og har teke i mange nok døde. Her gjekk det heldigvis bra, og følte sjølv at eg hadde roa, seier Aga.

Politi og sjukepleiar

Han fortel at mange kom til og gjorde ein innsats. Ein av dei første andre som kom til var politimann. Det kom også sjukepleiar.

— Ho spurde om vi trong hjelp. Nei takk, her er nok folk, sa eg.

— Er her medisinsk personell, eg er sjukepleiar, sa ho. Ho tok over arbeidet med dei skadde, og snakka med sjukehuset på telefonen, medan eg og politimannen dirigerte trafikken og fekk folk unna, fortel Aga.

Han meiner det var veldig heldig at det var snarrådige folk som kom til med pulverapparat.

— Det gjekk også greitt å få dei ut av bilen, men heretter sak eg alltid ha ein kniv eller noko til å kutta bilbelte med liggjande i bilen, seier Aga.

— Det er for tidleg å seia noko om skuld enno. Vi veit ikkje om det var korrekt bruk av blinklys, og må elles klarleggja omstenda rundt ulykka, seier operasjonsleiar Trond Friberg.

AUGEVITNE: Leif Johannes Aga kom raskt til ulykkesstaden, og var med å redda mor og to barn ut av bilen.<p/>FOTO: Sele Nils-Tore
KASTA RUNDT: Bilen som køyrde forbi vart liggjande på taket.<p/>FOTO: Stein Erik Ovesen, Bømlonytt