KRISTINE HOLMELID kristine.holmelid@bt.no

Bilen bevega seg med raset nokre meter før han stoppa, framleis på vegen. På sida av vegen var det nærare 50 meter stupbratt utfor. — Vi hadde englevakt, seier Jakob Gaulen til Bergens Tidende.Han og dei to andre i bilen kom seg uskadd ut eine sideruta. Resten av bilen blei begravd i snø. - Alt blei kvitt Framleis er Lindås-mannen litt skjelven etter heimturen søndag kveld. Saman med ein kamerat og nevøane hans hadde han vore på hytta i Stordalen. Gaulen hadde med seg nevøane til kameraten i bilen heim til Lindås. - Det var dårleg føre og mykje snø. På veg ned Romarheimsdalen såg vi brått at snømassar losna oppe i fjellet. Eg rakk berre å seie "der kjem eit ras", eg hadde ikkje ein gong tid til å bremse, før alt blei kvitt, fortel Gaulen.- Det humpa og rista, og eg frykta at vi skulle havne utfor vegen. Etter nokre sekund stoppa bilen, på toppen av ei stor snøfonn, fortel han. Stupbratt utfor Ei av siderutene blei ikkje dekt av snø, og dei tre i bilen klarte å komme seg ut denne ruta.- Då såg vi kor heldige vi hadde vore, seier Jakob Gaulen.Snøskavlen bilen stod i var tre-fire meter høg. Til alt hell blei bilen skubba framover av raset, og ikkje til sides. På sida av vegen var det sikkert 50 meter utfor.Dei tre stod i snøen og venta ein time før brøytebilen kom, og det danna seg lage bilkøer på begge sider av raset.Bilen måtte tauast på verkstad. Men litt "smårusk" i understellet og nokre bulkar på dørene er einaste merka etter turen gjennom raset.