Politiet fekk melding om uhellet klokka 19.23, og kalla straks ut ressursar frå Hovedredningssentralen på Sola. Men før dei kom seg ut, hadde ein passerande båt plukka dei opp.

– Så vidt eg veit, var det to personar i båten. Dei skal ikkje vera skadde. Dei greidde å halda han flytande med handmakt til dei vart taua inn til land, seier operasjonsleiar Leif Bell i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Uhellet skjedde like utanfor hamnebassenget i Florø.