Fleire båtar i området og eit helikopter frå Hovedredningssentralen kom til assistanse etter at havariet av den mindre båten blei meldt aust for Rolvsnes på Bømlo i 12-tida i dag.

Like etterpå blei båtføraren, som var åleine om bord, observert på land i god form. Båten skal vera observert halvt nedsøkt i nærleiken. Eit Sea King-helikopter var i området i samband med eit ambulanseoppdrag då det blei beden om assistanse.

Skipsforliset skjedde ifølgje Hovedredningssentralen i Brennøysundet i nærleiken av Nyleia mellom Bømlo og Fitjar.