Vel 14 dagar etter den dramatiske laurdagsmorgonen på Nåra i Solund, ser alt ut til å gå bra med eitt år gamle Håvard. Hadde det ikkje vore for den resolutte handlinga til sju år eldre Ole Andrew, kunne det enda ille.

Familiane til søskenbarna har ikkje tidlegare ville fortalt historia om det som skjedde om morgonen 9. juni. Men no, når alt tyder på at Håvard skal sleppe frå uhellet utan varige mein, har Ole Andrew fått lov til å fortelje om det som hende.

To-åring gav beskjed

Dei sat og såg på barne-tv i huset til besteforeldra like ved kaien på Nåra denne laurdagsmorgonen, Ole Andrew Trovåg og systrene Desiré (5) og Lisbeth (2). Saman med dei var fetteren Håvard Hjønnevåg, som var på besøk frå Bergen. Utan at nokon merka det, gjekk dei to minste, Lisbeth og Håvard, ut. Ei stund seinare kjem to-åringen sprin-gande inn i huset:

— Håvard har falle i sjøen, var beskjeden frå jenta.

— Eg sprang alt eg kunne. Håvard låg i sjøen like ved flytebryggja med ansiktet opp. Eg tok tak i han, og greidde å dra han opp, fortel Ole Andrew. Og ikkje berre greidde Ole Andrew å dra søskenbarnet opp på flytebryggja, han bar guten fleire meter opp på kaien.

— Var ikkje det veldig tungt?

— Nei, faktisk var han lettare då enn elles.

— Kanskje var det fordi du var sterkare enn elles?

— Nei, eg trur ikkje det.

Gav førstehjelp

På kaien gav han fem år gamle Desiré beskjed om at ho skulle hente vaksne. Så starta han med å gje førstehjelp.

— Eg trykte Håvard på magen. Då kom det sjøvatn ut gjennom nasen.

— Korleis kom du på det?

— Eg har sett det på fjernsyn.

— Var du redd?

— Litt. Eg kunne ikkje kjenne hjartet hans banka.

Då dei vaksne kom til, tok dei over arbeidet med gjenoppliving. Etter ei stund kom ambulansehelikopteret med lege. Bevisstlaus blei Håvard frakta til Førde sentralsjukehus. Nokre dagar seinare blei eitt-åringen overført til Haukeland. Då trudde mange situasjonen var kritisk for eitt-åringen, men grunnen var så enkel at Håvard og foreldra bur i Bergen.

Imponert

— Eg er imponert over begge, seier mor Camilla Trovåg. Og tenkjer på Håvards bergingsdåd, og minstesystera Lisbeth som så fort tenkte at ho måtte gje beskjed.

— Etterpå fortalde Lisbeth at ho gjorde det fordi Håvard såg så lei seg ut der han låg i vatnet. Og at Ole Andrew tenkte på å massere han på magen for å få ut sjøvatn! Eg veit ikkje om eg hadde greidd å handla like gjennomtenkt sjølv.

Korleis det gjekk til då Håvard fall i vatnet veit ingen. Heller ikkje nøyaktig kor lenge han låg i sjøen.

— Men vi trur ikkje det kan ha vore så veldig lenge. Kanskje litt over eit halvminutt, seier Camilla Trovåg.

Ser ut til å gå bra

Eitt-åringen blei halden i koma i fleire dagar på sjukehuset. No er Håvard utskriven frå sjukehuset, frisk og rask. Men sjølv om alle teikn tyder på at alt vil gå bra, kan legane ikkje garantere 100 prosent at han slepp frå hendinga utan mein. Det kan dei neppe gjere før om fleire år.

Også dei tre søskena har takla tida etter nesten-ulukka greitt.

— Lisbeth har hatt litt mareritt. Vi veit ikkje om det som hende har hatt noko innverknad, men vi har no tenkt på det. Då Håvard låg bevisstlaus på sjukehuset ville ikkje Ole Andrew ta i han. Men etter at han fekk vere med på sjukehuset då Håvard var vekt, og sjå kva som blei gjort og korleis han kvikna til, har det gått greitt, fortel mor Camilla.

UNG BERGINGSMANN: Åtte år gamle Ole Andrew Trovåg berga livet til søskenbarnet på eitt år. – Eg var litt redd, innrømmer han.
FOTO: ODDLEIV APNESETH