4. oktober 2006 redda Ola Solheim bror sin frå drukningsdøden heime på Solheim ved Holsund. På dagen eitt år etter vart han tildelt "Carnegies Heltefond for Norge" sin medalje i bronse, miniatyrmedalje og diplom av ordførar Hans Vindenes i Fusa.

Slått medvitlaus

Ulykkesdagen hadde Ola Solheim besøk av bror sin frå Os som kom med eigen båt. Broren gjekk åleine til båtstøa for å ordna med noko ved før han tok båten heim. Ved båten har han så mista fotfeste. I fallet vart han slått medvitslaus og hamna i sjøen.

Ola vart uroleg då han ikkje såg båten på veg mot Os, og gjekk ned til sjøen. Her såg han broren liggja å flyta med andletet ned.

Han kasta seg i sjøen og fekk broren mot land og delvis opp i ei trapp ved kaien. Han fekk då ropt på hjelp og det kom folk til som fekk gjeve førstehjelp. Ikkje meir ti minuttar seinare var luftambulansen på plass og broren vart redda.

Tungt

Ifølgje Ola var det å få broren opp av sjøen det tyngste. Å berga ein medvitslaus mann med vasstrukne klede opp i ei trapp var ein kraftprøve.

Lensmannen i Fusa stadfesta at Ola denne dagen redda broren frå drukningsdøden. Sidan han reagerte så raskt og utsette seg sjølv for fåre har han fått denne utmerkinga frå "Carnegies Heltefond for Norge".

"Carnegies Heltefond for Norge" vart innstifta i 1911 etter at amerikanaren Andrew Carnegie i 1911 gav eit gåvebrev på 125.000 dollar. Rentene av fondet vert nytta til å heidra heltegjerningar. Det vert leia frå Oslo med eit styre på tre personar. USA sin ambassadør i Noreg er eine medlemen og dei to øvrige skal vera respekterte norske borgarar. Fondet vert administrert av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

HELT: Ola Solheim drog sin medvitlause bror opp av vatnet. Her har han fått heltemedaljen.
Erik Vangsnes