ARNE HOFSETH

— Eg vil opp att på ski i morgon! Arild Samnøy (snart 13) frå Skulestadmo let seg ikkje skræma av ei nifs utforkøyring og eit iskaldt bad.

Han vart køyrt til Voss sjukehus sterkt nedkjølt etter eit ufrivillig opphald i kaldt elvevatn, i ulideleg lang tid.

— Kor lenge eg stod i elva, med vatn opp til livet, veit eg ikkje, men kompisen min henta hjelp så fort han kunne, seier Arild til bt.no.

Arild Samnøy og Stig Martin Tryti dreiv laussnøkøyring på twintup-ski attmed utforløypa på Voss då Arild køyrde utfor eit 3-4 meter høgt stup. Han landa om lag ein meter ovanfor eit hol i snøen som dekker elva. Deretter gleid han ned i holet og vart ståande i kaldt elvevatn opp til livet. Han greidde å få av seg skiene og fiska dei opp frå elvebotnen med føtene. Skiene er av den typen som har tupp både framme og bak, slik at dei lett går baklengs.

— Eg prøvde å pressa skiene inn i snøen slik at eg kunne bruka dei til stige, men det gjekk ikkje, fortel Arild, under ei god og varm dyne på intensivavdelinga ved Voss sjukehus.

Stig Martin fekk fart på skiene sine, og kom han attende bakpå ein snøscooter. Folk frå Voss Fjellheisar hadde med seg tau med ferdigknytt løkke som Arild tredde over hovud og skuldrar og fekk den plassert under armane. Dermed kunne han lett heisast opp, køyrast med snøscooter og ambulanse til sjukehuset.

Ulykka skjedde klokka 12.33 i ettermiddag.

UNDER DYNA: Humøret kom kjapt attende då Arild Samnøy kom under dyna på Voss sjukehus. Ved 12.30-tida skreid han utfor eit stup, og vart ståande i kaldt elvevatn opp til livet, og vart nedkjølt. I dag vil han opp på ski att.<b/>Foto: ARNE HOFSETH