— Berre ti minuttar til, og dette huset ville vore fullstendig overtent, seier brannsjef Bernhard Øberg I Førde.

— Vi var på plassen ti-femten minuttar etter at meldinga kom. Han var heldig som budde såpass sentralt.

Brannen i bustadområdet i Olabakkane i Førde vart meldt ved 03-tida natt til søndag.

Det er også ein hybel i huset, men huseigaren var aleine da brannen oppstod.

Ifølgje brannsjefen har brannen starta ute, etter alt å dømme i ein bossdunk som stod plassert under ei terrasse. Derfrå har flammane slått opp gjennom terrassegolvet og fått tak i ytterveggen på huset.

— Vi fekk slått ned flammane relativt raskt. Det hadde fata godt i kledningen, og derfrå til takutstikket og inn på loftet, fortel Øberg.

Den næraste naboen til huset fortel til Bergens Tidende at han kjende tydeleg svilukt så tidleg som ved 19-tida laurdag kveld.

— Ein annan nabo kjende lukt så tidleg som ved 15-tida, seier mannen, som var på konsert i Førde sentrum før han kom tilbake mellom klokka 01 og 02. Da kjende han den same svilukta.

STARTA I BOSSDUNK: Alt tyder på at brannan oppstod i ein bossdunk under terrassen på hjørnet av huset. Bebuaren kom seg uskadd ut etter at ein forbipasserande varsla om at ytterveggen stod i full fyr.
Per Marifjæren