Rådmannen har vurdert merknader til reguleringsplanen som har lege ute til offentleg ettersyn og konkludert med at planen bør godkjennast.

Lars Lie, som også er leiar av hovudutval for oppvekst, seier til Kystradioen at kapasiteten på både Brattholmen og Foldnes skular på Litle Sotra er sprengt. Han trur heller ikkje den nye skulen på Knarrevik vil ta unna for den kraftige auken i elevtalet dei komande åra. Han vil heller at kommunen prioriterer utbyggjing i den søre delen av Fjell.