JOHN LINDEBOTTEN

john.lindebotten@bt.no

Samarbeidsrådet ber no samferdselsminister Torild Skogsholm om koma fram med si meining om Fjord 1 sitt tilbod.

— Vi er uroa over det vi har sett og høyrt så langt. To av ferjene som Fjord 1 planlegg å setja i trafikk har overbygning med salong berre på eine sida. Det vert då ein lang og smal salong, som også vert liggjande omtrent på nivå med bildekket. Det vert nesten som å sitja i ein buss. I ein slik salong vert utsynet for passasjerane sterkt forringa samanlikna med dagens ferjer, seier leiar i Samarbeidsrådet for Sunnhordland, Austevoll-ordførar Helge Andre Njaastad, til bt.no.

— På grunnlag av dette har vi bede statsråd Skogsholm om eit møte. Vi vil rett og slett høyra om ho synest at Fjord 1 sitt ferjetilbod er godt nok for dei reisande på Kyststamvegen, seier Helge Andre Njaastad.

Fjord 1 fekk tidlegare i haust konsesjon for å driva ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i 10 år frå 1. januar 2007. Selskapet vil då overta etter HSD. Selskapet skal setja inn tre gassdrivne ferjer, ei for 198 bilar og med overbygning som dagens ferjer, og to mindre ferjer for 145 bilar. Desse to er så langt utforma med smal overbygning berre langs eine sida.

Administrerande direktør Olav Smørdal i Fjord 1 har tidlegare avsanna rykte om at dei nye ferjene skulle byggjast med passasjersalong under dekk.

HSD har anka avgjerda om å gje Fjord 1 konsesjon, men anken er avvist av Vegdirektoratet.