Det er i tilfelle ordinært politi som må trø til, for Kripos har ikkje pengar på sitt budsjett til å etterforska eventuell økonomisk kriminalitet i NST. Det har dei informert Voss Tingrett om, opplyste dommarfullmektig Olene Maiken Eide på gårsdagens skiftesamling.

NST-gründer Rune Relling etterlyste utgreiing om styret sitt ansvar når tidlegare direktør Ole Brubakken vart friteken for ein garanti på 15 millionar kroner.

Laastad sa at spørsmålet vert teke opp i det vidare arbeidet, særleg med ein revisor involvert, så sant buet har råd til det.

Bustyrar vil også arbeida vidare med å få klarlagt verdien av callsenter-verksemda på Austlandet, organisert i dotterselskapet Nordisk Call Center AS, der NST-buet eig alle aksjane.

Spørsmålet om tiltak mot datatjuveri var reist av IBM sin representant, Geir Nøklebye. Han var særleg oppteken av om bustyret hadde sikra seg mot lekkasje av dataverdiar hjå avleggaren Nordisk Språkteknologi Sverige AS, som er teken under konkurs av Stockholm tingsrätt. Laastad repliserte at eventuelle uærlege har hatt rikeleg høve til å opptre uærleg før konkursen var eit faktum og bustyrar kom på banen.

Under skiftesamlinga kom det fram at NST-restane kan bli flytta ut av lokala på Tvildemoen, slik at leasingfirmaet Malthus AS kan demontera anlegget. Dei har eit krav i buet på 213.000 kroner medrekna demonteringa.