Det er Frp, H og KrF som har fleirtalet i samferdsleutvalet i Hordaland. Berre Bente Bondhus frå Sp røysta for den billegaste løysinga, der 1. byggjesteg er rekna til 508 millionar kroner.

— Vi ned på minimumsløysinga. Det er den einaste sjansen vi har til å berga tunnelen som fylkesvegprosjekt, seier varaordførar i Jondal, Sigrid Brattabø Handegard, til Bergens Tidende. Ho var til stades på møtet i samferdsleutvalet i går, og gjorde det ho kunne for å overtala så mange som mogleg til å gå inn for den billegaste løysinga.

Likevel skal det mykje til for å berga tunnelen som fylkesveg. Skal det lukkast, må det skaffast pengar til å fylla gapet mellom finansieringsplanen til 335 millionar, som var gjeldande fram til i haust, og det nye kostnadsoverslaget på 508 millionar. Samferdsleutvalet bed om at det vert arbeidd hardt med dette fram til fylkestinget i juni.

Mest vonbroten var Sigrid Brattabø Handegard over Arbeidarpartiet, som røysta på Statens vegvesen sitt forslag til tunneltrasé. Der kostar 1. byggjesteg 595 millionar kroner.

— Når Arbeidarpartiet gjekk inn for det, kan eg ikkje tolka det annleis enn at dei er i mot Jondalstunnelen. Dersom vi må gje opp Jondalstunnelen som fylkesveg og handsama han som riksveg, vil det seia det same som at tunnelen aldri vert bygt. Eller kanskje ein gong, fram mot 2050.

Det billegaste tunnelvalet medfører store inngrep i natur og landskap i Nordrepollen i Kvinnherad. Også på jondalssida gjev den billegaste løysinga store ulemper for busetnad og nærmiljø. Men Jondal kommune ser det slik at ein del verdiar må ofrast. Tunnelen betyr alt for Jondal kommune si framtid.

— Vi har ein jobb å gjera inn mot fylkesutvalet, som skal handsama saka i neste veke. Og så må vi koma i samtalar med Kvinnherad, seier Sigrid Brattabø Handegard, og bur seg på nokre travle dagar.

Kvinnherad kommune vil spela ei avgjerande rolle i spørsmålet om kvar tunnelen skal gå. Kommunen kan setja bom for den billegaste tunnelløysinga ved å nekta å godta reguleringsplanen for Nordrepollen.