Då forslaget til Nasjonal Transportplan 2006-2015 vart lagt fram i juni, var det ikkje funne plass til Hardangerbrua. Likevel er verken Hardangerbrua eller RV 13 nemnde med eitt einaste ord nemnd i utkastet til fråsegn som er skriven av fylkesrådmann i Rogaland, Lise Fredriksen. Vestlandsrådet skal drøfta og ta stilling til fråsegna på møtet i Molde onsdag 24. september.

— Eg er svært uroa over dette. Når vi ser korleis kommunane både i Hardanger og i Ryfylke slit for å hindra stagnasjon og fråflytting, er det meir enn merkeleg at utkastet til fråsegn ikkje tek meir omsyn til våre problem, seier ordførar i Ullensvang, Einar Lutro, H, til Bergens Tidende.

Fråflytting langs vegen

Lutro er styreleiar i Fjordvegen AS, ei samanslutning av dei 15 kommunane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane som RV 13 går gjennom. RV 13 går frå Sandnes gjennom Ryfylke, Hardanger og Voss, over Vikafjellet og Gaularfjell før han knyter seg til E 39 mellom Førde og Jølster. RV 13 har ofte vore omtala som ein indre stamveg på Vestlandet, men lange strekningar, særleg frå Hardanger og sørover, er av svært dårleg standard. I mange kommunar langs vegen, som Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda, Suldal og Hjelmeland, har folketalet gått nedover dei siste åra.

Vonar på støtte

RV 13 mellom Voss og Jøsendal sør for Odda får status som stamveg frå 2004. Grunnen er funksjonen som bindelekk mellom E 16 Bergen-Oslo og E 134 Haugesund-Oslo. Vegdirektoratet har vald å sjå på Hardangerbrua som eit stamvegprosjekt, sjølv om brua og er ein del av RV 7 som ikkje er stamveg gjennom Hordaland.

Einar Lutro er glad for at Hordaland fylkeskommune vil spela inn Hardangerbrua og RV 13 når Vestlandsrådet møtest onsdag. Komité for miljø og utvikling understreka dette sterkt i møtet sist veke, og minte om at Hordaland fylkeskommune i år etter år har sett Hardangerbrua høgst på prioriteringslista. Lutro vonar at dette får støtte både frå Rogaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Samla innsats for E 39

Komiteen for miljø og utvikling vil og at Vestlandsrådet skal vera meir konkret i omtalen av E 39 Kyststamvegen enn det innstillinga legg opp til.

— Det er viktig å pressa fram den nye vegen mellom Bergen og Os, slik at anlegget kan starta så snart Moberg-Svegatjørn i Os er ferdig. Vi må ikkje godta at dette vert utsett til langt etter 2010, slik det framgår av forslaget til Nasjonal Transportplan, seier Ap sin talsmann i samferdslesaker, Arne Jakobsen. I vedtaket frå komiteen står det mellom anna at kommunane frå Bergen og sørover må samla seg og ta opp med Statens vegvesen korleis arbeidet med Kyststamvegen kan framskundast.

BERGINGA? Stortinget sa nei til Hardangerbrua i 1996, men har gått med på å gje ho ein ny sjanse. I fylgje forslaget til Nasjonal Transportplan kjem ikkje den sjansen før etter 2015.<p/>ILLUSTRASJON: HARDANGERBRUA AS