I dag arbeider Vee som nyhenderedaktør i avisa Firda i Førde. I og med at noverande Firda-redaktør Jan Atle Stang gjekk motsett veg tidlegare i år, har dei to A-presseavisene i Sunnfjord no bytta redaktørar seg imellom.

Det er ifølgje nettutgåva til avisa Firda uklart kva tid Vee tek til i den nye jobben.

Vee har tidlegare vore redaktør i Årdal og Lærdal Avis, og har ei fortid i kvinne-nettstaden Femme.no såvel som Sogn Dagblad.

Dei tre åra Vee har vore nyhenderedaktør i Førde-avisa Firda har han vore busett i Florø, byen der han altså innan kort tid får sin nye arbeidsplass.