I ein kronikk i dagens BT etterlyser den Oslo-baserte frilansjournalisten meir kritisk journalistikk og betre kvalitet i aviser som Firda og Sogn Avis. Viken, som sjølv kjem frå Sogn og Fjordane, meiner lokalavisene i fylket har for låge ambisjonar.

Kronikken fell ikkje i god jord hjå redaktørar i heimfylket hennar.

— Viken oppnemner seg sjølv til ein slags allvitar, der ho er den einaste som har rett. Det verkar som ho er glad for å ha kome seg vekk frå Sogn og Fjordane, seier fungerande redaktør Eli Grotle i Sogn Avis.

Sjefredaktør Jan Atle Stang i Firda meiner Viken ikkje kjenner godt nok til korleis det er å jobba i lokalavis.

— Ho har jo jobba her sjølv. Eg veit ikkje om ho drog opp dei store sakene då ho var her, akkurat, seier han om Viken, som jobba fire veker for avisa ein sommar.

- Har ikkje ressursar

Viken nemner Vest Tank-ulukka i Gulen som eit tilfelle der lokalavisene viste liten vilje eller evne til undersøkjande journalistikk, og meiner dei her i for stor grad lente seg på Bergens Tidende og nasjonale medium i dekkinga av saka.

Stang i Firda vedgår at dei kunne ha vore grundigare i dekkinga av Vest Tank-ulukka.

— Me skulle gjerne ha vore betre her, men slikt er alltid lett å seia i etterkant.

Han meiner avisa ikkje har ressursar til å driva undersøkjande og gravande journalistikk i særleg stor grad.

— Dessverre har me ikkje kapasitet til å setja folk til å jobba med éi sak i fleire dagar eller veker. I ei lokalavis må ein rett og slett jobba frå dag til dag.

Sjefredaktøren kjenner seg heller ikkje att i resten av kritikken frå Viken, og meiner ikkje avisa har for låge ambisjonar, slik ho hevdar i kronikken.

— Me har som ambisjon å avdekkja kva som skjer i lokalsamfunnet, og der meiner eg me gjer ein akseptabel jobb, seier Stang.

I Sogn Avis meiner Eli Grotle at hennar avis er både kritisk og undersøkjande, mellom anna når det gjeld lokalpolitiske spørsmål.

— Me er flinke til å påverka. Men alle kan bli betre.

- God kulturdekking

Viken klagar i kronikken også på manglande kritisk og kunnskapsbasert kulturdekking i avisene. Dette kjenner ikkje Firda-redaktør Stang seg att i.

— Me har ei god og brei kulturdekking. Blant anna er me dyktige på å gå djupt inn i konfliktar i kulturfeltet, og har bra kommentarar, seier han.

I kronikken set Viken mellom anna spørsmål ved kompetansen til journalistane i lokalavisene når det kjem til dekking av kultursaker.

Grotle i Sogn Avis meiner ein ikkje kan forventa at journalistar i lokalaviser har kompetanse på kulturfeltet som går ut over det vanlege.

— Me har ein redaksjon på 15 journalistar, og har difor ikkje kapasitet til å ha ein eigen kulturavdeling.

— Har de journalistar med særskild kompetanse på kultur?

— Nei. Eg trur ein kan komma like langt med å ha ein redaksjon med journalistar med brei generell kompetanse.

- Pinleg

Anne Viken kallar tilbakemeldingane frå redaktørane usaklege, og meiner dei er typiske for media sine haldningar i Sogn og Fjordane. Ho seier det er pinleg at fylket har redaktørar med så låge ambisjonar som tilbakemeldingane kan tyda på.

— Eg har nok eit anna perspektiv på lokale forhold i Sogn og Fjordane enn kva dei som har budd der heile livet har, og det trur eg er bra. Redaktørane burde ta debatten på alvor i staden for å ta mannen, ikkje ballen - slik dei gjer no.