Det akutte krigstrugsmålet i Sirnak-provinsen i Tyrkia har fått SVs Audun Lysbakken til å reagerere. Familien Bercin flykta frå dette området for ti år sidan, og heimbyen Idil ligg berre tre mil frå grensa til Nord-Irak.

— Norge vil sende familien tilbake til eit grenseområde som kan bli krigssone i løpet av kort tid. Denne politikken må vi diskutere om vi vil ha her i landet, seier Lysbakken til BT.

I neste spørjetime må Høgre-statsråd Erna Solberg svare på om ho meiner det er forsvarleg å kaste den kurdiske familien ut av Norge.

Førre laurdag skreiv BT om den tyrkiske kurdaren Rêzan Bercin, som har budd på asylmottak i Europa dei siste ti åra. Faren vart torturert av tyrkiske soldatar, og familien flykta frå heimlandet.

Rêzan, som går på vidaregåande i Åsane, snakkar ikkje tyrkisk. Likevel er risikoen stor for at han må rett i tyrkisk militærteneste, når familien er tilbake i heimlandet.

Der har kurdarar liten sjanse til å overleve, hevda UiB-professor Haci Acman overfor BT førre veke.

Lysbakken er sterkt kritisk til arbeidet som blir utført i utlendingsnemndene.

— Utlendingsnemndene tek i dag hand om alle enkeltsaker, og driv i mange tilfelle reint paragrafrytteri, i staden for å bruke sunn fornuft og vise menneskelege omsyn. Regjeringa på si side fråskriv seg alt ansvar, meiner SV-representanten.

— Vi sender masse folk ut av landet utan offentleg debatt, og norsk asylpolitikk skapar mange ulykkelege skjebnar. Derfor er det viktig at denne saka blir teken opp i Stortinget, og at regjeringa får spørsmål om det som skjer.

TIL SPØRJETIMEN: Kurdiske Rêzan Bercin var berre åtte år då familien flykta. Ti år seinare har han fått endeleg avslag på asyl i Norge. No skal saka hans opp i Stortinget.<p/> ARKIVFOTO: TOR HØVIK