OVE ARNE OLDERKJÆR

Overføringa i drosje frå Haukeland til Stord sjukehus like før påske var både ansvarslaus og nedverdigande for den 68 år gamle Tysnes-kvinna, hevdar Jane Kleppe. På Halhjem blei pasienten kvalm og kasta så kraftig opp at sonden for næringstilførsel blei hengjande ut gjennom munnen resten av turen.

68-åringen var pasient på Haukeland etter akutt bukspyttkjertelbetennelse. Ho hadde vore sengeliggjande nesten samanhengande i fem veker, og følte seg ikkje sterk nok for transport med drosje og utan følgje.

To og ein halv time

Men Haukeland-legen meinte den 68 år gamle kvinna ville tola den nesten to og ein halv timar lange drosjeturen via ferjesambandet Halhjem — Sandvikvåg.

— Han la til at setet i drosjebilen kunne leggjast ned dersom ho følte seg uvel, seier Jane Kleppe.

— Heldigvis var det ein kjekk drosjesjåfør. Han ringde til sjukehuset på Stord, som ville koma dei i møte med ambulansebil. Men då var det verste over, forklarer Kleppe.

Årsakene til overføringa var plassmangel på Haukeland og legen si vurdering av at sjukdommen til pasienten var stabilisert. Pasienten hadde gått ned tolv kilo i vekt sidan ho blei innlagt, og fekk tilført næring intravenøst. Den siste sonden var plassert inn gjennom nasen og ned i magen.

— Det går ikkje an å behandla folk på denne måten. Ho hadde over 40 i feber og var i ein svært dårleg tilstand då ho kom fram til sjukehuset på Stord. Ho var rett og slett ikkje frisk nok til denne transporten, meiner Jane Kleppe. Etter nokre dagar blei mora sendt i ambulanse tilbake til Haukeland.

- Legen avgjer

— Regelverket er klart. Det er legane som avgjer om ein pasient skal transporterast med drosje eller ambulanse. Og legane våre har vist seg medvitne regelverket og flinke med vurderingane, seier Tore Bjarne Dahl, transportansvarleg i Helse Bergen.

— Pasientar som har behov for liggjande transport eller medisinsk overvaking undervegs skal ha ambulansebil. Vi har også god erfaring med drosjetransporten. Drosjesjåførane har blant anna krav om å følgja opp pasientane. Ingen har garanti for at ein pasient ikkje kan bli kvalm på turen, seier Tore Bjarne Dahl.

KRITISK: Jane Kleppe er kritisk til transportmåten for hennar 68 år gamle mor mellom Haukeland og Stord sjukehus. Turen utvikla seg slik pasienten frykta.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR