Kva har du gjort?

  • Eg har fått ein venn til å konfiskere alle bankkorta mine. Eg får ikkje bruke pengane på kontoen. No lever eg på det eg greier å få inn i kontantar. Eg har selt unna ein del bøker eg ikkje kjende sterkt behov for å eige, dessverre viste det seg å stort sett vere norsk samtidslitteratur. Så kulturen var det første som rauk. Løna mi frå Dag og Tid og diverse skriveoppdrag går rett inn på kontoen. Eg betalte inn 80.000 til skattestyresmaktene i mai, og i november skal eg betale inn dei siste 90.000 kronene.

Kor gjekk det gale?

  • Eg har meg sjølv å takke. Eg betalte aldri inn førehandsskatt og fekk smell, trass i alle åtvaringar frå foreldra mine. No prøver eg å gjere det beste utav ei lita katastrofe. Stort sett plar forfattarar bli glade i skjul når dei går på ein smell, fordi det gir dei noko å skrive om. Eg følgjer tradisjonen og prøver å vri ulykka om til noko positivt.
  • Mor og far fekk altså rett?
  • Dei fekk rett på alle punkt. Det er typisk kunstnarar å tillate seg å vere økonomiske idiotar, som om den verkelege verda ikkje er noko dei treng å bry seg med.Spør ein poet om han kan setje på ein CD, og han koketterer med null teknisk innsikt.Så den fella gjekk eg i. Det er liksom ikkje plass til kunnskap om økonomi og teknikk når ein skal drive med kunst.
  • Korleis går det med deg no då?
  • Først og fremst har eg funne ut at det er fullt mogleg å bruke lite pengar. Det er ei eiga glede å ha lågt forbruk, viser det seg.
  • Kva slags glede?

— Det er vel ingen tvil om at vi bruker absurd mykje pengar i Noreg. Når ein innser at ein kan kutte nokså drastisk ned på forbruket sitt utan at det eigentleg gjer så mykje, så er ein underlagt éin ting mindre. Utanom dei faste rekningane, treng eg strengt tatt ikkje bruke pengar i det heile tatt.

Ifølgje skatteopplysningar frå 2008 tente du under 300.000 kroner i 2008. Ikkje mange vil seie at det var så luksuriøst?

  • He-he, nei, det er jo slik at ein brukar det ein har, uansett kor mykje det måtte vere. Ein tilpassar seg raskt sitt eige nivå og si eiga kjøpekraft. I fjor tente eg meir enn det dobbelte, men la ikkje merke til noka auke i levestandard.
  • Bommar du pengar frå venner og kjende?
  • Eg har utvikla svært parasittiske trekk, ja. Det er ikkje noko kjekt å snylte, så eg har i staden begynt med å stele når dei snur ryggen til.
  • Kor mykje pengar planlegg du å bruke i dag?
  • I dag kjem eg ikkje til å bruke noko, sidan eg handla i går. Eg brukar rundt tjue kroner dagen i gjennomsnitt. Hovudutfordringa er at det er dyrt å leve sunt, og billeg å leve usunt. Det er jo dei fattige som er tjukke.
  • Kva slags matvarer kjøper du helst?
  • Bønner og tunfisk er blitt to av mine næraste venner i løpet av dei siste månadene.

Men heilt konkret, kva gjer det med deg å bruke lite pengar?

— Den som er fattig må vere særs organisert. Ein må luke bort alt uføresett i kvardagslivet, handlingsrommet blir kraftig innskrenka. Det er særs tidkrevjande å ikkje kunne hoppe på idear og innfall. Eg var nettopp heime i Ølen, krangla med foreldra mine - sjølvsagt om pengar - og ville kaste meg på bussen til Oslo i dramatisk stil, men det kunne eg jo ikkje, eg hadde 63 kroner i lommeboka og ikkje råd til billett. Så då måtte eg i staden fornedre meg til å bli vener med dei att, fordi eg skulle få skyss med dei tilbake til Oslo veka etter. Det er dessutan krevjande sosialt å ikkje ha pengar. No må eg stort sett halde meg heime heile tida.

Du kunne til dømes gått på fjellet saman med vener utan at det hadde kosta noko?

  • Bortsett frå at dei fattige ikkje går på fjellet. Ein kan ikkje tillate seg å bruke opp dyrebar energi på slikt. Det er heller ingen som går på fjellet i filler og laser. Å trene er ein luksus for den økonomiske overklassen.
  • Kva tener du pengar på?
  • Eg har hatt diverse strøjobbar, vaska vindauge, måla, sortert arkivkort for kjønnssjukdommar for «Sex og samfunn». Vi fant ut at eg kunne jobbe 13.33333 timar for 2000 kroner, som er det beløpet eg kan tene skattefritt. Eg har til gode å gå på «Dagsen» på Nav, dagformidlingsjobb, men det blir det neste. Eg er likevel ikkje nokon hamsunsk forfattar som sit og svelt i Oslo.

Korleis skal du skaffe til mat denne veka?

  • Eg har faktisk ein god del pengar nett no.

Kva slags arbeid har du gjort?

— Eg vann i poker.

  • Poker? Kva er det slags lærdom?
  • Mor mi sette meg til å vaske vindauge og gav meg eg ei krukke med myntar som lønn. Desse satsa eg i eit ulovleg pokerlag.

Du kunne rett og slett ha risikert å tape alt?

— Eg låg an til å tape lenge, men ein blir betre pokerspelar som fattig. Det står meir på spel, og dermed blir ein mindre impulsiv og tar færre sjansar. Så no har eg 600 kroner å leve for ei stund.