Alle visste det kom til å bli ein batalje, då Bergen RV i går møttest til nominasjonsmøte i bystyresalen.

Bystyrerepresentantane Stine Akre og Marte Mjøs Persen hadde vore ute i media og truga med å trekkje seg. Nominasjonskomiteen hadde gått fleire månader over tida, i forsøk på å greie opp dei ulike personlege og politiske flokane.

Striden har dels stått om politisk linje og dels om enkelpersonar, og spesielt kurdiskætta Shilan Shorsh.

Tonen vart sett allereie i innleiing til ordstyrar Anna Watson:

— Ordstyrar vil mane til ro og kameratsleg oppførsel, slik at vi kan gå her frå som vener.

Slik skulle det ikkje gå.

Shilan delte RV på midten

Den venta striden byrja då Shilan Shorsh vart foreslått inn på fjerdeplass på lista. Forslaget fekk partiets femtekandidat Mathias Furevik til å slutte seg til kabinettspørsmålsgjengen.

— Viss forslaget går gjennom er det første og siste gong eg står på denne talarstolen, sa han.

Leiar Frode Mannsåker i nominasjonskomiteen åtvara forsamlinga mot at toppkandidatar ville trekkje seg, og kravde skriftleg votering.

Shorsh tapte med 16 mot 25 røyster.

Så vart ho igjen foreslått til 13.-plassen på lista, og igjen trua Mannsåker med at toppkandidatar ville trekkje seg viss Shorsh vart vald.

Salen delte seg no på midten, og Shorsh tapte med berre to røyster (20 mot 22). Stemninga i salen var mildt sagt amper, og Shorsh gjekk på talarstolen:

— Eg er verkeleg glad for dette, for det har vore psykisk tortur i to år, sa ho, før ho og henna støttespelarar marsjerte ut av salen. Ein tredel av forsamlinga forsvann.

- Må tole usemje

Shorsh meiner ho er utsett for ein bakvaskingskampanje, medan motparten meiner ho har oppført seg slik at ho ikkje går an å samarbeide med.

— Innvandrarar må òg tole å vere politisk usamd, utan å tolke det som trakassering, seier Stine Akre.

Ho vedgår at trugsmålet om at folk ville trekkje seg frå lista òg omfatta henne, sjølv om ho ikkje vil seie om ho hadde trekt seg.

Ho vedgår òg at delar av motstanden mot henne og Marte Mjøs Persen er politisk.

— Vi er kanskje meir pragmatisk og løysingsorientert enn folk frå RV tradisjonelt har vore, seier Akre, som altså toppar lista til haustens kommuneval før Chiku «Ali» Mikalu, Marte Mjøs Persen og Torstein Dale.