Den borgarlege opposisjonen i fylkestinget vil ha ei fråsegn der det blir reist krav om at lokalsjukehusa i Eid og Lærdal skal ha akutt— og fødetilbod på minimum same nivå som i dag. Det betyr at fødeavdelinga i Eid, den forsterka fødestova i Lærdal og akuttberedskapen i ortopedi skal haldast oppe.

Dei raud-grøne legg seg på si side nær opptil formuleringane i regjeringserklæringa om at ingen lokalsjukehus skal leggjast ned.

Dersom ingen av politikarane bryt ut, blir det fleirtal for det raud-grøne framlegget.

Sist sjukehus stod på sakslista til fylkestinget i Sogn og Fjordane var i vår, då politikarane skulle gje fråsegn til den omstridde strukturplanen til Helse Førde. Den gongen greidde ikkje fylkestinget gjere vedtak.