Av stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen (V).

Etter knapt to år med ei Arbeiderparti-dominert regjering er det påfallande korleis den lukka partikulturen i AP har sett preg på arbeidet til regjeringa. Denne ukulturen har diverre også spreidd seg til regjeringspartnarane i Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Vi kan snakke om ein raudgrøn fleirtalsarroganse, og det er trist for demokratiet.

Enig eller uenig? Si din mening i kommentarfeltet under!

Vi opplever i sak etter sak at stortingsfleirtalet møter opposisjonen med total stille: Ingen respons, ikkje noko motstand, ingen argument, dette er regjeringspartia sin tydelege strategi. Det er nesten som om Regjeringa og det parlamentariske grunnlag ho har opplever Stortinget som noko som ikkje er naudsynt og som er forstyrrande for den raudgrøne idyllen.

Innstillinga finanskomiteen gav til revidert nasjonalbudsjett var på nesten 300 sider. Her var merknadane frå regjeringspartia, og dermed dei politiske synspunkta deira, avgrensa til under ei halv side. Dette er ei utvikling som openheitspartiet Venstre finn urovekkande, fordi ho forvitrar demokratiet. Grunnlaget for demokrati er at ytringar møter ytringar i det opne rom. No ser vi gang på gang at regjeringspartia sin strategi – både ovanfor opposisjon og ovanfor dei få som meiner det er verdt bryet å stille i dei opne høyringane i Stortinget – er totale stille. Ignoranse er den ultimate hersketeknikk i eit demokrati.

Statens forureiningstilsyn utarbeida nyleg ein rapport som viste kor store utslippskutt det var mogeleg å ta her heime. Jens Stoltenberg påla Miljøverndepartementet å ikkje legge rapporten fram for offentligheita. Rapporten lekte likevel ut til pressa, men det er med dette grunn til å tru at Stoltenberg ikkje ville ha debatt om saka. Kanskje har han misforstått kva utsleppskutt betyr, og trur at det gjelder klimarapportar?

Et anna påfallande trekk er at partileiarane i regjeringspartia ikkje møter fram på partileiardebattar i regi av TV-kanalane. Dette må vere første gang det ikkje har vore mogeleg å samle partileiarane til ein oppsummerande partileiardebatt etter ein stortingssesjon – og det i eit valår. Det er uhøyrt og det er trist for den politiske debatten og for demokratiet.

Dersom vi skal freiste oss på ei oppsummering no som vi er komne halvvegs i denne stortingsperioden, er det tre ting som eg vil peike på:

Det første er som eg har påpeikt den manglande viljen eller evna regjeringspartia har til å møte argument og framlegg frå opposisjonen med motargument. Dette skuldast nok at saker som kjem til Stortinget frå Regjeringa er så ”ferdigpruta” at det ikkje er høve eller rom for regjeringspartia på Stortinget til så mykje som å strø sand på avgjerslene. Dessutan verkar det som at regjeringspartia på Stortinget ikkje er i stand til å samle seg for å argumentere for Regjeringa sin politikk. Kanskje er ikkje fleirtalsregjering det beste for et demokrati?

Det andre er at saker kjem til Stortinget lenge, lenge etter at dei har vore lova. Det er ei ærleg sak at det tek tid å verte samde mellom tre parti som står så pass langt frå kvarandre i viktige politiske spørsmål som regjeringspartia, men det er direkte uhøyrt at sakene skal komme så seint at Stortinget må utvide sesjonane. Enno verre er det at den viktigaste saka i vår tid, om Regjeringa sin plan for å nå sine eigne klimaforpliktingar, kjem til Stortinget etter at parlamentet er stengt og etter at alle debattredaksjonane i TV har teke sommarferie. Slik unngår regjeringspartia open debatt om sin klimapolitikk på TV.

Det tredje påfallande trekket er at det som tydelegvis samlar Regjeringa og regjeringspartia mest, er opposisjon til den førre regjeringa. Spesielt samferdselsminister Liv Signe Navarsete (SP) har ein klar tendens til å skulde på den førre regjeringa når ho ikkje har eit betre svar å gje. Ho har no sete i ministerstolen i snart to år. Det er på tide å vekse opp og ta regjeringsansvar.

Vi opplever stadig vekk at enkeltstatsrådar framleis opptrer som, eller drøymer seg tilbake til, eit tilvere i opposisjon. Venstre skal definitivt medverke til at akkurat denne raudgrøne draumen går i oppfylling. Vi skal gjere kva vi maktar for å tvinge dei raudgrøne ut i ope lende for å argumentere for sitt syn. Det skulder alle politikarar og parti sine veljarar same kva partifarge.