• Ap og Sp er tradisjonelt dei to største partia i Sogn og Fjordane. I stortingsval kjem Ap som best ut, medan Sp ofte er størst i lokalval.
  • Frp fekk representant frå Sogn og Fjordane på Stortinget først for fire år sidan. Åge Starheim greidde å halde mandatet i går.
  • SV, med fornyingsminister Heidi Grande Røys som førstekandidat, blei den store taparen. På åtte år er oppslutnaden om partiet halvert i Sogn og Fjordane.