Torsdag ettermiddag klokka 15 blei riksveg 13 opna igjen etter å ha vore stengt i tre døgn. Ingen personar kom til skade i raset, men Jon Inge Seim var berre sekundar frå steinmassane.

– Raset er ferdig rydda og vegbana er reparert. Geologen meiner at det er stabilt i rasløypa, så no skal det vere trygt å ferdast, seier distriktsvegsjef Arnfinn Ansok i Statens vegvesen region vest.

Det har vore eit stort arbeid å få fjerna raset som var på fleire tusen kubikk. Nye røyr er kome på plass etter at dei opphavlege blei påført skadar.

Statens vegvesen ventar no på ein rapport frå geologen, og korleis han vurderer fjellsida i framtida.

– Han har sagt at det kan byggje seg opp nye ras i framtida. Vi skal sette oss ned å leggje planar for korleis vi kan stå imot dette, seier Ansok.

Ekstrarutene mellom Utne og Kinsarvik hadde sin siste avgang samstundes som vegen vart opna. Sambandet er no i normal drift.

Helga Tverdal