— Vi hadde ei prøveordning i Odda, men det vart så mange feilmeldingar at det var meir til plage enn nytte, fortel geolog Svein Helge Frekaland ved regionvegkontoret i Leikanger.

Kom noko borti leidning parallelt med vegen, oppe i lia, gav det stoppsignal for biltrafikken. Men det vart stort sett berre falsk alarm, til stor irritasjon for bilistane.

Tunnellar til 50.000 kroner meteren, rasoverbygg med lausmasse oppå til det doble av tunnelprisen, står øvst på ønskelista. Nokre stader må ein nøya seg med rasgjerde til knapt 20.000 kroner meteren, to millionar kroner for 100 meter. Ulempa med gjerde er at det kostar like mykje å fornya dei. Gjerda toler 3-4 ras med steinar opp til to kubikkmeter, fortel Frekaland.

Elles er kontrollert nedsprenging av snøfonner ein effektiv måte å unngå snøskred på. Det vert gjort tre stader i Sogn og Fjordane. I Nordland vert ein ny metode testa. Der nyttar ein gassballongar i staden for dynamitt til å utløysa raset.

— På stader som i Kjøsnesfjorden ligg løsneområdet litt inne på fjellet, ikkje synleg frå vegen. Her hadde det vore ynskjeleg med automatiske stasjonar som kunne senda oss meteorologiske data. Men både terreng og vêrtilhøve gjer det umogeleg, mellom anna fordi utstyret isar ned, seier Frekaland.

— Burde attståande sikring langs Kjøsnesfjorden vore prioritert høgare?

— Kanskje. Planane vert laga ut frå ei rekke kriterium. Ein av dei er kor mange steinar som har sett merke i asfalten. Ved Kjøsnesfjorden har det hendt to alvorlege ulykker som ikkje sette merke i asfalten. Steinane kom i slik fart at dei flaug over vegen og hamna i vatnet, påpeikar Frekaland.