Med 27 mot 12 stemmer vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane i føremiddag å vende tommelen ned for løysinga Samferdsledepartementet har lansert. Same korleis striden mellom fylket og staten endar, verkar det klart at sikringsarbeidet ikkje kan kome i gang før tidlegast i 2009.

Kjøsnesfjorden i Jølster er ein av dei mest rasutsette riksvegstrekningane i fylket. Men prisen på sikringsarbeidet har auka med minst 80 millionar kroner, og staten har bedt fylket ta desse pengane frå andre rassikringsprosjekt. Det nektar fleirtalet, som meiner staten må hoste opp ekstramidlar.

Berre Senterpartiet støtta framlegget frå departementet der deira tidlegare gruppeleiar i fylkestinget, Liv Signe Navarsete, no er statsråd.

UTSETTER RASSIKRING: Kjøsnesfjorden i Jølster er ein av dei mest rasutsette riksvegstrekningane i fylket.
Oddleiv Apneseth