Vignett: Ras ved Mundheim

ARNE HOFSETH

TOR SPONGA(illustrasjon)

— Vestlandsrisikoen vil alltid ligga der, seier geolog, overingeniør Espen Hammersland i Statens Vegvesen til Bergens Tidende, etter å ha inspisert raset.

Planlegg tunnel

Hammersland stadfester at den nye rassikringsplanen for Hordaland, lagt fram i desember, ikkje har med tiltak i Mundheimsdalen. Derimot er ein kilometerlang tunnel til 60 millionar kroner høgt prioritert på vestsida av Mundheim, mot Gjermundhamn.

Raset som gjekk i april 1997 ville ikkje ha gjort skade på vegen om tunnelen hadde vore bygt, men gårsdagens ras, mindre enn ein kilometer unna, ville vore utanfor den rassikra strekninga.

— Vi gjer stadig slike erfaringar langs vestlandsvegane, seier Hammersland, som har stått i spissen for arbeidet med den nye rassikringsplanen, som er ei oppgradering av planen frå 1995. Den hadde hovudfokus på søskred. Den nye har også andre former for ras med, tiltaka prioritert etter gitte kriteriar, og kostnadane oppjustert.

Uråd å sikra alle

Noverande distriktsvegsjef for Voss og Hardanger, Arnfinn Ansok, leia den åtte mann sterke gruppa som i 1993-94 laga landets første rassikringsplan. Han sa til Bergens Tidende at å sikra hundre prosent er umogeleg. «Då må vi alle flytta inn i fjellet, og kanskje er det ikkje heilt trygt der heller».

Planen som Ansok la fram i mai 1995 peika på 210 rasområde. I den nye planen er nær 400 punkt med. Men han vart ikkje motlaus av at talet på uløyste oppgåver aukar, trass det arbeidet som faktisk er gjort. Prøver ein å sikra kongeriket heilt mot ras, vil vi falera. Men det er ikkje håplaust å gjera vegane vesentleg tryggare, sa Ansok.

Rubbel og bit

Han forklarte auken i talet på raspunkt med at 1995-planen var den første i sitt slag. Dei var usikre på kor høgt dei skulle legga lista, og brukte gjerne eit for grovmaska nett. I seinare planar har andre fylke teke med rubbel og bit. Den reviderte planen for Hordaland har også eit meir finmaska nett, fortel Ansok.

Ombygging av Åkrafjordvegen er i røynda ei einaste lang rekke av rassiktringstiltak, men kom løyvingsteknisk inn under ordinær vegbygging. Blant dei nyaste tiltaka er overbygga i Velureskredene mellom Utne og Odda, og rasnettingar ved Okslatunnelen på andre sida av Sørfjorden, inne ved Tyssedal.

STADIGE RAS: Det er ikkje første gangen det går ras nær Mundheim sentrum. Våren 1997 vart riksvegen nokre hundremeter vest for bygda, mot Gjermundshamn, sperra av store steinblokker. Her er det planen at det skal byggjast tunnel til 60 millionar kroner. ARKIVFOTO: FRODE STEIEN

FARGERIKT: På den nye rassikringsplanen for Hordaland er snøskred merka med raude prikkar, is- og steinras med blå.