Dei første ferjene har alt trafikkert nye Årsnes ferjekai nokre timar idet fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg klokka 11 torsdag føretek den offisielle opninga av anlegget til 80 millionar kroner.

Med Årsnes-terminalen er Løfallstrand historie som ferjekai. Den nedkorta ferjeturen over fjorden er det først og fremst dei som kjem frå nord gjennom Folgefonntunnelen som tenar på når dei skal til Bergen.

Lengre på smal veg

Kvinnheringar flest får ein fem minuttar lengre køyretur til ferja. Tidstapet blir spart inn på den nedkorta overfarten til Varaldsøy og Gjermundshamn.

Vegen mellom Rosendal og ferja er ikkje ferdig utbetra, og blir enno ei tid ei utfordring for både bil og sjåfør.

Halve kostnaden av kaianlegget, 40 millionar kroner, blir dekt gjennom bompengar på ferja. Staten sin del er på 20 millionar kroner.

250 bilar

Årsnes ferjekai har oppstillingsplass for 250 bilar. Når kaien på Gjermundshamn er opprusta i august, skal to ferjer trafikkera sambandet. Ei skal gå i pendelrute mellom Gjermundshamn og Årsnes, den andre også med anløp av Varaldsøy.

I sommar går tre ferjer i dette riksveg 48-sambandet som er hovudåra for trafikken mellom Kvinnherad og Bergen.

Hordaland fylkeskommune er eigar av den nye kaien. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sto for den offisielle opninga.