— Geologane seier faren er over for denne gong, seier ordførar Einar Målsnes (H).

Måndag kveld tok eit stort sørpeskred med seg eit bustadhus i Balestrand. To personar miste livet. Same kvelden blei fleire hus i nabogrenda Sande evakuerte.

Nedbøren gav seg

Dagen etter blei familiane i ytterlegare tre hus bedt om å forlate heimane sine, to av dei i Fjærestadfeltet i Balestrand sentrum.

— Faren var i grunnen over i går kveld. Då gav nedbøren seg, og det blei kaldare. Vi valde likevel å halde familiane evakuerte også sist natt, men gav dei beskjed i går kveld om at dei kunne flytte heim att i dag.

Dei fleste evakuerte har halde til på Midtnes hotell. Nokre har likevel vald å overnatte hos familie og vener.

Opna for trafikk

Vegvesenet er no i full gang med å rydde rasa som har steng fleire vegar.

Ved rasstaden på riskveg 55 ved Flesje blei det opna for trafikk i onsdag ettermiddag. Også i Esefjorden har riksvegen vore steng på grunn av fare for ras, og ved Dragsvik lenger aust har eit stort skred ført til vegstenging.

— Vegvesenet har tru på at at alle vegane som har vore stengde kan bli opna i dag, seier ordføraren.