Raset stengjer riksveg 572 mellom Bruravik og Ulvik i Hardanger. Når det vert mildver om vinteren plar det koma ras ved Eddegjel.

— Dette veit vi. Ved Eddegjel plar det gå ras. I går stengde vi vegen fordi vi var redd for at det skulle koma. Vel ein time seinare, klokka 15.58, kom raset. Først fekk vi melding om at det hadde tatt 60 meter av rekkverket langs vegen. Seinare viste det seg at 100 meter med rekkverk var røska av, fortel byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen til bt.no.

Det skal og ha gått fleire mindre ras på vegen mellom Ulvik og Bruravik.

— Vegen vert ikkje opna i dag på grunn av omfattande arbeid med rydding, seier Kåre Olav Aldal til bt.no.

Oppdaterte vegmeldingar her!

SØRPESKRED VED EDDEGJEL: Eit ras med snø og sørpe med stein i fyller nå 100 til 130 meter av riksvegen. Rekkverket i den same lengda av vegen er borte. Det har gått tre ras på denne vegen det siste døgnet. Veifolk bt.no har snakka med, tviler på at vegen blir opna i dag.