— Fiskarlaget meiner styresmaktene har valt ein helikoptertype som både er for liten, går for sakte og har for liten kapasitet, seier leiaren i Sogn og Fjordane fiskarlag, Nils Myklebust, til NRK Sogn og Fjordane.

Florø er ein av basane som skal få det nye redningshelikopteret, som styresmaktene har valgt. Det er eit utvalg som har vurdert alternativet og dei har sagt at det beste valet er eit helikopter av typen NH-90.

Dette er same type helikopter som forsvaret har valgt, og som blant anna skal kunne landa på fregattane. Men både sjømannforbundet og Fiskarlaget ville hatt eit helt anna helikopter med både større rekkjevidde, større kapasitet og større fart.

Leiaren i Sogn og Fjordane fiskarlag er ikkje nådig i si vurdering av helikoptertypen NH-90. – Det svekker redningsberedskapen langs kysten og er ingen ting mindre enn ein skandale, tordnar han.