Yngve Garen Svardal, sunnhordland.no

– Dei er elendige på kundebehandling og service eig dei ikke, rasar Helge Tislavoll. Han pendlar jamnleg til Os og har no fått Fjord1 langt opp i halsen.

– Det starta i august i fjor, då eg kjøpte meg ferjekort. Etter ei tid slutta det å virka, og eg spurte kva eg skulle gjera. Då fekk eg beskjed om at det var nøydd å sendast til Florø. Då skulle det ta to — tre vyrkedagar, så skulle eg ha pengane på min konto, hevdar Tislavoll. Han jobbar som kokk på Solstrand fjordhotell på Os, og bur på Fitjar.

– Skal de stela pengane mine?

– Etter to veker byrja eg å etterlysa kor pengane mine vart av, fortel han. Etter litt sjekking fann Fjord1 ut at vedkomande som hadde ansvar for dette, var på ferie og ikkje tilbake før den påfølgjande måndagen.

– Men ingenting skjedde. Ei veke etter dette ringde eg igjen, då fekk eg beskjed om at ho var sjuk. Men at det skulle bli fiksa på måndag, fortel han. Ingenting skjedde, og Tislavoll ringde på nytt for å sjekka opp i det. Då var det ingen som tok telefonen. Ei veka seinare var han på tråden til Fjord1 igjen.

– Då spurde eg om dei hadde tenkt å stela pengane mine, seier fitjarbuen. Då var det gått over ein månad.

– Då fekk eg til svar at eg måtte roa meg ned, og at dette ikkje var noko problem å fiksa, hevdar han. Men ingenting skjedde.

– Då fekk eg nok, og ringde opp igjen og sa at om eg ikkje fekk pengane mine, så kontakta eg forbrukarrådet, for dette ville eg ikkje ha noko av. Då fekk eg beskjed at ok, dette skulle gå bra og eg skulle få pengane på konto på fredag, seier han. Og det gjorde han. Men det var ikkje slutt med det.

Venta ein månad denne gongen

– I desember mista eg kortet, og ringde dei og sa at eg var nøydd til å få ein ny konto. Det fekk eg beskjed på at skulle gå ei veka, seier han. Dette skjedde den 14 desember.

– Den 14. januar ringde eg dei igjen, då det ikkje hadde skjedd noko. Då fekk eg beskjed om at eg måtte no skjønna at desember var ein travel månad, seier ein oppgjeven Tislavoll. Etter litt kjefting fram og tilbake enda det med at han fekk pengane sine.

– Eg tykkjer at Fjord1 har elendige rutinar på billettservicen sin, det skal då ikkje vera så vanskelig å overføra litt pengar, tordnar Tislavoll. Han meiner regulariteten og SMS-varslinga til Fjord1 heller ikkje er til å stola på.

Fjord1 bør betala

– Her om dagen gjekk ferja som skulle gått 13.45 klokka 14.02. Og det er fleire gonger eg har kome til kaien for å oppleva at ferja ikkje går. Men eg har ikkje fått melding om det, hevdar han.

– Når eg ikkje har fått beskjed skal ferja gå, og då bør dei betala jobben for alle dei gongene eg har kome forseint, meiner Tislavoll, som til sist saknar meir fleksibilitet i billettlukene.

– Eg har kome for seint på jobb då dei ikkje ville sleppa oss rett om bord slik at me kunne betala der. Det er ikkje godt nok, sluttar han.

Les meir her om Fjord1 :

Arbeidstilsynet nektar billettsal

Snart kjem Autopass-ferja

– Eg er frustrert

160.000 fleire bilar over fjorden

Fjord1 avviser all kritikk

Grei start i bua