• Min fremste tillitsmann i fylkeskommunen snakkar direkte usant om meg. Han har heller aldri brydd seg om å ta kontakt med meg dei åra eg sat på Stortinget!

Rita Tveiten (A) er harm og ulukkeleg over å bli framstilt som halvkriminell. Ho sparar ikkje på krutet, men slår hardt tilbake mot Monrad Reigstad som er hovudtillitsvalt for Norsk Kommuneforbund i Hordaland fylkeskommune. Tveiten meiner at han har falle henne i ryggen med grov usanning.

Den tidlegare stortingsrepresentanten frå Osterøy meiner at ho var i god tru då ho søkte ventelønn, for «det sveiv meg ikkje at eg hadde noko å gå tilbake til etter åtte år på Tinget,» som ho seier til Bergens Tidende.

Rita Tveiten reagerer spesielt sterkt på påstandar som Monrad Reigstad sette fram mot henne i BT-reportasjen sist sundag. Han sa at han ikkje var i tvil om at ho hausten 2001 hadde ei stilling å gå tilbake til, og at han dessutan var med og handsama permisjonssaka i administrasjonsutvalet.

— Grov insinuasjon

— Det er direkte usant det Reigstad seier, både om stillinga som venta og om sakshandsaminga. Det er alvorleg å påstå at eg hadde ei stilling å gå tilbake til, som han insinuerer. Det er direkte grovt å skulda meg for misbruk av ventelønsordninga. Saka er at eg søkte Stortinget om ventelønn først etter at eg ikkje fekk ei stilling som fiskeriutsending i Beijing.

Han burde ha kontakta meg før han slengjer ut slike grove skuldingar. Heile tida medan eg sat på Stortinget var eg medlem av Kommuneforbundet og betalte kontingenten min. Derfor er det påfallande at han aldri har tatt kontakt med meg for å drøfta arbeidsforholdet mitt til fylkeskommunen som han meiner at eg hadde. Det er det minste han kunne ha gjort, seier ho.

— Var det ikkje like naturleg at du sjølv hadde kontakta arbeidsgjevaren då du ikkje lenger var stortingsrepresentant?

— Eg tenkte ikkje på at det var noko å ta kontakt om, og at eg ikkje hadde nokon rettar lenger i fylkeskommunen, seier Tveiten vidare.

Søkte ikkje permisjon

Fylkesrådmann Paul Nilsen hadde måndag eit kort møte med Tveiten, som oppsøkte han for å få greie på kva det står i sakspapira frå 1993.

— Så langt eg kan sjå av papira har ho ikkje nokon gong søkt om permisjon for å vera på Stortinget. Det spesielle i denne saka er at ho likevel har fått permisjon for den tida ho var folkevalt. Men denne saka har aldri vore drøfta i administrasjonsutvalet. Permisjonen er gitt ved administrativt vedtak. Slik eg førebels ser det, styrkjer nok dette saka hennar.

— Med tanke på å få jobb i fylkeskommunen?

— Nei, det er ikkje aktuelt. Ho har ikkje lenger krav på det, men ho skal få ei skriftleg tilbakemelding, for det kan sjå ut som om Tveiten har eit forklaringsbehov i forhold til Stortinget, seier rådmannen.

Tveiten opplyser på si side at ho alt har vendt seg skriftleg til pensjonsstyret i Stortinget og gjort det klart at ho meir enn gjerne vil møta for styret og gjera greie for kva som er skjedd.

Endringar i regelverket

Leiaren i pensjonsstyret, John Alvheim (Frp), seier til Bergens Tidende at han ikkje ønskjer å kommentera einskildsaker. Men han nemner at pensjonsstyret alt har hatt eit møte for å drøfta regelverket, på grunnlag av fleire saker som har vekt debatt i det siste. Endringar er i vente.

— Ordninga med ventelønn var i si tid først og fremst meint for eldre representantar som etter ei tid på Stortinget kunne få problem med å skaffa seg arbeid att før ordinær pensjonsalder. Det nye er at ein god del yngre representantar - til og med under tretti år - søkjer om ventelønn, seier Alvheim.

RITA TVEITEN.