• Vi er engstelege. Går det ras like ved sida av, kan det like godt gå her, seier barnehagestyrar Brita Hesjedal Lunde i Stanghelle.

Laurdag morgon losna ei steinblokk frå fjellsida nær barnehagen på Stanghelle. Ingen vart skadd, men frykta har sett seg i kommunen.

— Usikre kor trygt det er

— Det er klart både vi og foreldra er bekymra. Og ikkje berre litt, seier styrar Brita Hesjedal Lunde i Stanghelle barnehage. Ho fortel at mange av foreldra er særs usikre for kor trygt det er å ha ungane i barnehagen no, og at det var foreldre som ikkje torde å ha barnet sitt der i dag.

Inne på Blåklokkeavdelinga leikar treåringane Kaptein Sabeltann. På leikeområdet utanfor er det langt større farar som trugar.

— Ja, det er ikkje berre rasfaren. E16 grensar mot uteområdet vårt. Eg er og redd det kan koma eit vogntog dundrande ned her, seier barnehagestyraren.

Eit tonn stein

Det går 67 born i Stanghelle barnehage. Ein ny barnehage er planlagt på eit rassikkert område, men den er ikkje klar før hausten 2014.

Vårsola blenkjer i isen på dei stupbratte fjella. Og det er nett det som er problemet.

Eg ser ikkje vekk frå at det kjem meir ned dei neste dagane

— Isen ligg og jobbar oppe i fjellet. Det er kuldegrader om natta, og sol om dagen. Eg ser ikkje vekk frå at det kjem meir ned dei neste dagane, seier Marius Lodden, som er tryggleiksvakt for Spilde entreprenørar.

Dei arbeider på Stanghelle jarnbanestasjon. Han skodar opp og viser oss kor steinblokka losna om lag 40 meter over dei. Den eit tonn tunge steinen landa like ved der dei jobbar.

Gøymde seg bak bilen

Søndag gjekk eit stort ras ved Dalevågtunnelen. Store steinmassar rasa ned frå eit område 100 meter oppe i fjellet.

Heller ikkje her vart nokon skadd, men ein arbeidskar som skulle fjerna dei første steinane måtte gøyma seg bak bilen då nye steinar kom buldrande ned fjellsida.

Bilen var skadd, men mannen gjekk fri. E16 vart stengd i fem timar.

— Mange er redde no. Vi ønskjer ikkje å hausa opp denne redselen, men vi må ta folk si angst på alvor, seier ordførar Eirik Haga i Vaksdal.

Usannsynlige ras

Han sendte måndag brev til Statens vegvesen og ber dei raskt rassikra dei områda dei kjenner.

Statens vegvesen kartla rasfaren langt riks og fylkesvegane i Vaksdal i 2003.

Det kjem no ras på plassar dei ikkje trudde det skulle koma ras

— Det kjem no ras på plassar dei ikkje trudde det skulle koma ras. Heile vegen frå Stavenestunnelen til Dale er utsett. Både dette og trafikkulykkene, gjer at vi må få fortgang i arbeidet med tunnelar for både veg og bane her, seier Vaksdalordføraren.

Byggjeleiar Kåre Olav Aldal i Statens vegvesen er samd. - Her er det bratte lier og det vil alltid vera fare for steinsprang. Det beste er absolutt å byggja tunnelar.

Isen jobbar i fjellet

— Det er vekslinga mellom frysing og tining som gjer at steinblokkene losnar no. I fjellet der steinblokka losna laurdag, er det tettare mellom sprekkane enn vanleg, men slike steinsprang kan skje mange stader og heile året, seier geolog Geir Bertelsen i Statens vegvesen.

- Korleis vurderer du rasfaren for barnehagen?

Vi forstår uroa både foreldre og tilsette har

Ordførar Eirik Haga

— Fjellet over barnehagen er tidlegare vurdert av Norges Geotekniske institutt. Dei har vurdert kor stor sjanse det er for at steinmassar skal losna i fjellsida og kor langt det i så fall vil gå. Det kan gå fleire steinskred i området her, men det er truleg mindre sannsynleg at dei vil gå så langt ned som til barnehagen, seier Bertelsen.

- Forstår du at folk blir engstelege?

-Det forstår eg veldig godt, med alle dei rasa dei har hatt no.

Vil ha ny vurdering

Det var i går eit hastemøte med teknisk leiar, rådmannen og ordføraren for å diskutera den uroa rasa skaper.

— Vi forstår uroa både foreldre og tilsette har. Geolograpporten frå november 2011 slo fast at det ikkje er noko overhengande fare for at ras skal treffe sjølve barnehagen, men vi vil likevel vurdere å stenge den eine ytterkanten av uteområdet, seier ordførar Eirik Haga.

Haga seier dei no tar kontakt med geologen som utarbeide rapporten, for å få ei vurdering om noko har endra seg. I tillegg sender dei ut informasjonsskriv til barnehage og foreldre om stoda.

Kva meiner du bør gjerast med rasfaren i Vaksdal?

BOMBENEDSLAG: Utanfor tunnelmunningen av Dalevågtunnelen kom 50 kubikkmeter med stein susande frå hundre meters høgde. Dei knuste vegbommen og la autovernet flatt.
Tor Høvik
STORE RAKKARAR: Steinane dundra ned på E16 i Vaksdal i helga.
Tor Høvik