Det var her meir enn 30 bilar og nærare 70 personar stod innesperra i timevis søndag 14. november. Ei rekkje jord— og steinskred sperra vegen fleire stader. Til slutt blei alle berga ut etter eit svært farefullt redningsarbeid.

Ein brøytebilsjåfør melde like før klokka ni i dag tidleg frå om at det var gått eit snøras i Kjøsnesfjroden. Han greidde å brøyte gjennom skredet, slik at bilar som stod på kvar side fekk sleppe forbi.

Deretter avgjorde Statens vegvesen å stenge vegen. Det store snøfallet dei siste dagane gjer at det er fare for nye ras. I ettermiddag skal vegvesenet føreta ei ny vurdering av om vegen skal opnast. For siste nytt kan du lese dei siste vegmeldingane frå Statens vegvesen.

Riksveg 5 er viktigaste sambindingsvegen mellom Fjordane og Indre Sogn. Også Strynefjellet er mellombels stengt på grunn av rasfare.