Det var rundt klokka 09.45 i dag tidleg raset gjekk på fylkesveg 360 — på vegen mellom Kvisti og Bruvik ved Einhammaren nær Skaftå.

— Dei var jammen flaksen for bussen var nett køyrt forbi, fortel Åse Hartveit Faugstad til bt.no.

— Vegen vart stengt klokka 09.49. Røter, jord, stein og slam rasa ned over vegen og tok med seg ein del rekkverk. Klokka 12.35 melder dei frå NCC at vegen er open for småbilar. Vi skal ha geolog på plass før dei ryddar resten, seier vaktoperatør Lasse Austestad i Statens vegvesen til bt.no.

TOK MED SEG REKKVERKET: Raset på bruvikvegen tok med seg rekkverket.
ÅSE HARTVEIT FAUGSTAD
GEOLOG: Geolog skal sjekke området før dei ryddar resten av vegen.
ÅSE HARTVEIT FAUGSTAD