I Hardanger er fleire vegar framleis stengde. Langs Sørfjorden har ras laga store problem på begge sider av fjorden.

Klatrelag skal reinska

På vestsida av Sørfjorden, på fylkesveg 550 mellom Odda og Utne, har det gått fleire ras dei siste dagane. Ved Fossåna, mellom Måge og Bleie, er det lause massar i fjellet over fylkesvegen.

— Vi har hatt eit helikopter oppe for å sjekka i fjellet over Fossåna i dag. Først skal dei spyla frå helikopter for å få ned stein, tre og jordmassar som ligg på ei hylla langt oppe i fjellsida. Så skal eit klatrelag frå Mesta prøva med spett å få losna lause steinblokker i fjellsida, seier prosjektleiar Ingebjørg Midthun i Statens vegvesen til bt.no.

Vegen vert stengt i dag og truleg langt utover fredagen.

Ved Eikhamrane er det mogleg å køyra forbi raset, medan folk held på med opprydding.

På austsida av Sørfjorden, på riksvei 13 mellom Odda og Kinsarvik, er vegen stengt ved Skjelvik.

Må laga ny veg

— Her kan det ta tid å få opna vegen att. Heile vegen er vekke. Nye nye drensrøyr blir lagt. Og vi vil laga ein mellombels veg med eit felt. Det vil truleg ta nokre dagar, seier Midthun.

Det går hurtigbåt mellom Hovland, Tyssedal, Nå og Odda.

Rutetider på www.ullensvang.herad.no

- Ein vegg av sjø

Tre ferjer innstilt i Rogaland, mellom anna Mortavika - Arsvågen på E39 er innstilt på grunn av uvêr.

— Det var berre ein vegg med sjø som møtte ferja då dei var ute i dag. Det er usikkert når dei kan gå ut att, men truleg ikkje før i ettermiddag, seier vaktoperatør Tore Tysse i Statens vegsen

Fjellovergangane austover er no opne.

— Men det kan fort bli endringar, både med kolonnekøyring og stengte fjellovergangar, seier Tysse.

Her er oppdaterte ferje- og vegmeldingar.

Har du nokon melding å koma med frå rasvegar eller stormferjer? Bruk kommentarfeltet under.

FOSSÅNA: Her eit bilete tatt frå helikopter torsdag. Raset starta høgt oppe i fjellsida.
NJÅL FARESTVEIT
NY VEG: Det må lagast ein ny veg forbi Skjelvik på austsida av Sørfjorden i Hardanger.
STATENS VEGVESEN