Raset gjekk seint i går kveld, og skal vere meir enn 50 meter breitt.

Statens vegvesen meiner årsaka til skredet er at ei elv har teke seg nytt far. Vegvesenet skal på synfaring til området i dag for å vurdere faren for nye ras, og kor tid vegen kan opnast.

Ein luftputebåt er sett i trafikk på Veitastrondsvatnet for å frakte folk forbi rasstaden. Båten blei kjøpt inn for nokre år sidan for å frakte folk og varer når vegen er stengd på grunn av snøras.