På riksveg 55 langs Sognefjorden er vegen stengd mellom Vadheim og Nordeide. Her går ei elv som dreg meg seg store mengder grus og stein over vegen. På austsida av Høyanger har det gått ras ved Kongsnes i Lånefjorden.

Ei rekkje jord— og steinras stengjer no i morgontimane fleire av dei viktigaste vegsambanda i Sogn og Fjordane. E39 er stengd mellom Eid og Volda. Skredet har gått like ved fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Stengt er det også mellom Aurland og Vassbygdi på riksveg 50. Også Sognefjellet og Årdal-Tyin har blitt stengde.

I Dalsfjorden er riksveg 57 steng i Nishamrane like ved Dale i Sunnfjord. Også riksvegen mellom Førde og Ask-voll er stengd. I tillegg er fleire mindre fylkesvegar stengde.

Det har i natt kome store nedbørsmengder i Sogn og Fjordane. Berre i Førde har det regna over 50 millimeter i natt.