ARNE HOFSETHRUNE SÆVIG (foto)

Vegen på vestsida av Sørfjorden var stengt fleire stader. Nær ferjekaien på Brimnes var vegen stengd både mot Eidfjord og Kinsarvik, ved Furlo og i Navragjelet. Einaste alternativ utanom vegen gjennom Kvinnherad, var ferjesambandet Kvanndal-Kinsarvik, med eller utan ferjebyte på Utne.

Blåste vekk autovernet

Mellom Lofthus og Børve baud naturen først på ein skikkeleg dusj over biltaket, og like etter vart det understellvask så det monna. Vatnet stod høgt på vegbanen i nærare hundre meters lengde. Men det var mogeleg å køyra gjennom, så vasspruten stod.

Striregnet oppå dei store snømengdene som kom på kort tid i jula, har fått bekkane i dei steile fjellsidene til å fløyma opp. Vatnet grev med seg grus og stein, og finn nye far. Dermed hamnar massane på vegane og i frukthagar.

På vestsida greidde vatnet å finna den vesle opninga mellom overbygga som vernar resten av vegen mot Velureskredene. Det er knapt eit år sidan dei to andre opningane vart tetta att, men det ser altså ut til at berre eit samanhengande overbygg kan gjera den utsette strekninga på Velure rastrygg.

— Vi fann det rett å stenga vegen her grunna fare for ras, seier distriktsvegsjef Arnfinn Ansok til Bergens Tidende.

— Men inne på Måge snakkar vi om eit skikkeleg ras. Der la det seg dugeleg med rasmassar på vegen, og trykket blåste vekk autovernet, seier Ansok, usikker på kva tid vegen kan opnast att. Det er fare for nye ras.

Bilane står mellom rasa

At dette var «eit skikkeleg ras» kan Per Måge underskriva. Han skulle hjelpa ein nabo som har køyrt bilen sin fast i rasmassane ved Eikhamrane.

— Det gjekk ganske greitt å få bilen laus med lastebilen min, men då vi skulle heim att, gjekk det eit nytt ras på Lauvnes, så vi vart innesperra mellom to ras. fortel han.

Då raset hadde roa seg, klatra karane over det lågaste raset og kom seg heim. Men bilane står framleis mellom dei to rasa.

Ein god kilometer lengre sør henta Einar Rødal på Apold traktoren for å rydda eit mindre ras som sperra vegen og leia grus ned på plommefeltet hans på nedsida av vegen. Det gjekk særleg ut over Malard- og Edda-trea.

— Ergerleg, for dette plantefeltet er berre eit par år gamalt, kommenterer han.

Men Rødal måtte gje seg på rasryddinga. Her måtte det nok større maskiner til. Han har aldri opplevt å få grus rennande inn på dette området. Alt tyder på at ein snøras høgt til fjells er årsaka. Snøen har demma opp bekkefaret nede i den snøfrie delen av lia, og bekken har grave seg ny veg mot fjorden.

Fleire strekningar isolert

Kråkevik-skreda, like nord for Nå, gjekk også i går. Dermed var fleire strekningar langs fjorden isolert. Intern trafikk i bygdene mellom rasa, var mogeleg, men rasa vart uoverstigeleg sperrer. Alle skuleelevane frå Aga og nordover kom seg til ungdomsskulen på Hauso, men dei som bur lengre inne i fjorden måtte halda seg heime.

Eidfjord vart isolert av uvêr på Hardangervidda og eit ras ved Furlo. Der kom det eit nytt ras på ettermiddagen. Og vegen vart stengd att frå klokka 17.

På nordsida av fjorden kom det eit svært ras i Ytre Ålvik som sperra riksveg 7, men dette vart rydda på ettermiddagen.

Hovudvegen til Ulvik vart stengt av ras, men ulvikjene hadde open «bakveg» over Ulvikhøgda, derimot vart Djønno-grendene og Osa isolert då fylkesvegane vart stengde.

Ei rekke stader tok vassmengdene med seg stein og grus som la seg på vegen, utan at han måtte stengast.

BILVAKS: Gratis bilvask var obligatorisk på riksvegn 13 mellom Lofthus og Børve.

RAS: Raset i Eikhamrane ved Måge blåste bort autovernet og la seg tjukt på riksveg 550 mellom Utne og Odda, som i går vart stengd av ras og rasfare fire-fem stader.